Quantcast
Channel: PermaLiv.MyPortfolio.com
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4078

Identitetsfjellet

$
0
0
Du heilage fjell i byen vår,
du gav oss byrgskap og identitet,
no har dei høvla deg ned.
Dei kallar det utvikling,
men dei avviklar alt,
som har meining
for meg.
Pengane rår,
Hovdetoppen ligg lik
eit ope sår.

Eg vil ikkje sjå deg krona
med eit skinande UFO-hotell,
ei heller kjøleskapsblokkar
i solhellinga di,
la heller småfugl og dyr
få nyte sola
i lia di.

Enkle verdiar,
einsemd og nærfriluftsliv,
fred i sjela
midt i eit hektisk
småbyliv.
Fysj og føy,
her skal vera fart og spaning,
for eit rastløyst,
moderne liv.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4078

Latest Images

Trending Articles



Latest Images