Quantcast
Channel: PermaLiv.MyPortfolio.com
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4074

Identitetsfjellet i Gjøvik

$
0
0
Du heilage fjell i byen vår,
frå deg fekk vi byrgskap,
ro og fred,
Hovdetoppen var vår
identitet.
No har dei deg høvla ned,
pengane rår,
dei kallar det utvikling,
men dei avviklar alt,
som har meining
for meg.

Eg vil ikkje sjå deg krona
med eit UFO-hotell,
ei heller kjøleskapsblokkar
i solhellinga di,
la heller småfugl og dyr
få nyte sola
i lia di.

Enkle verdiar,
einsemd og nærfriluftsliv,
fred i sjela
midt i eit hektisk
småbyliv.
Fysj og føy,
her skal vera fart og spaning,
for eit rastløyst,
moderne liv.

-Wikimedia.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4074

Trending Articles