Quantcast
Channel: PermaLiv.MyPortfolio.com
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4063

Heime

$
0
0
Endeleg var du attende
der du vart samla,
kjære songboka mi,
her i kjøkkenvindauget til
apostelen i Holmstadengen.
Det var lenge sidan sist,
men eg ser du framleis
høyrer til her.

Frå deg ljoma musikklaga
i grendene
rundt Totenåsen.
Du var songboka åt åsfolket,
og småkårsfolket.
Aldri tenkte nokon på
å ta royalty frå
songane dine.
Du var ei delesongbok
i ein delekultur,
det ypparste av allmenningar.

No er allmenningane borte,
alt har vorte
individualisert og privatisert.
Dei trur dei er frie no,
der dei bur i kvar sin villa,
utan å ha det ringaste til sams.
Ingen syng lenger i lag,
musikklaga er borte,
i staden for dreg dei til Gjøvik
for å høyre på
Urbane Totningar.

Eg syng heller ikkje
frå deg no,
kjære songboka mi,
av di engene våre
er tapt.
Utan dei kan vi ikkje fly
attende til
tida di.

-Flickr.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4063

Trending Articles