Quantcast
Channel: PermaLiv.MyPortfolio.com
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4065

Rustna lukke

$
0
0
Lukka i grenda mi
er gamal og rustna
der ho heng i entreen
i Holmstadengen
i form av ein
hestesko.

Ikkje mykje er att
av lukka di fann
i grenda no.
Som askeladdar kjende di dykk,
frie frå husmannslekkjer,
der di eigde gråsteinsjorda di sleit i
sjølve.

Kristus gav meining åt slitet,
di var sjølve prestane
i ein ny åsreligion.
Er det då noko rart
att de kalla songboka
som ljoma rundt åsen for
Pris Herren?

No syng ingen lenger frå
songboka dykkar
i grenda dykkar,
heller ikkje eg,
då eg ikkje orkar å opne ho.

Moderniteten var det
som tok knekken på lukka,
den etsa ho vekk.
Vonom hesteskoen i entreen
i Holmstadengen
ned av veggen dett.

-Flickr.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4065

Trending Articles