Quantcast
Channel: PermaLiv.MyPortfolio.com
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4082

Blåveissvingen

$
0
0
Dei sa det ville verta som før,
men det vart ikkje det.
Dei sa det ville verta litt ugreit ei stund,
so veks det til og alt vert gløymd.
Men spora er ikkje her lenger,
dei som minna var knytte til.

Det gamle grustaket til venstre i svingen,
der eg ynskte å gøyme vekk pumpehuset,
er viska vekk.
Same med spora frå gamlevegen,
som ein gong gjekk opp framom svingen.
Sødmen av dei siste jordbæra frå jordbæråkeren til bestefar min,
som hadde forvilla seg ned i vegkanten.
Men mest av alt all blåveisen,
der vi plukka buketter til mødrene våre om våren,
på veg heim frå skulen.
No veks her berre prestekragar.

Blåveissvingen er ikkje meir,
han har vorte Prestekragesvingen.
Trea som verna blåveisen og nærte han med lauvet sitt,
er hogge.
For komfort har større verdi enn blåveis
og minner.

Blåveissvingen var det fyrste som møtte ein,
då ein kom til Grythengen,
småbruket som var
velkomstsportalen for grenda til Totenåsens apostel,
Magnus Johansen Dahl.

Her vandra so mang ein rural kjempe,
forfedrane mine,
ein hest med kjerre for å hente grus frå grustaket i svingen.
Alt vart grave i filler.
Inkje kjem nokon gong att.

-Flickr.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4082

Latest Images

Trending Articles



Latest Images