Quantcast
Channel: PermaLiv.MyPortfolio.com
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4060

I engene etter Kronborgsætergrenda

$
0
0
-Flickr.

-Flickr.

Etter elva dei ligg, 
dei to engene,
Holmstadengen og Grythengen.

På den øvste enga bodde Totenåsens apostel,
på den neste disippelen hans,
dei var begge søner av husmenn.

No var dei frie, stolte og sjølvstendige
småbrukarar,
med sin eigen religion,
sangbok og kultur.
Ein allmenningskultur og ein delingskultur.

Alt er borte no.
Bedehuslandet har vorte til kjøpesenterlandet.
Etter krigen skulle vi bygge landet vårt,
men vi vraka det,
Mens bedehuskulturen vert stilt fram som kitch
og lågkultur.

Sanninga er at han var essensen i kristendomen,
i det kreaturlege,
og høgda av reformasjonen.

Jenta på det øvste bilete skulle vorte kulturberar av
herr Fossemøllens augestein.

Jenta på det neste bilete har ei ualminnelig ven sangstemme,
sterk og klar,
ho gjev meg frysningar,
korleis kan ein liten kropp laga slik ein lyd?

Kanskje vil ho syngje frå "Pris Herren" ein dag,
saman med syster si på gitar?

Kor vi minnest grendekulturen 
som slo ut i full blomst her,
men som no har visna.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 4060

Trending Articles